Det er i utgangspunktet fritt sjukehusval i Noreg når det gjeld fødslar, men dei ulike tilboda har ulike kriterium som avgjer om dei er aktuelle for deg eller ikkje. I tillegg varierer tilboda i dei ulike helseregionane. Fødeinstitusjonen kan avslå søknaden din dersom dei ikkje har plass. Då vil du kunne bli tildelt fødeplass ved ein annan fødeinstitusjon.
Søke om fødeplass
Fastlege eller jordmor sender søknad til fødeinstitusjonen der du ønskjer å føde. Du kan gjerne søke ved den første konsultasjonen, sjølv om du har komme kort i graviditeten. Ønskjer du å føde ved ein jordmorstyrt fødeavdeling, kan sykehuset kreve ein personleg søknad frå deg i tillegg. I søknaden gir du meir utdjupande informasjon om deg og kvifor du ønskjer fødeplass. Desse einingane blir drivne av jordmødrer og har gitte kriterium for kven som kan føde hos dei. Dei tilbyr ikkje medikamentell smertelindring.
Jordmor eller fastlege har ansvar for å informera deg om valmoglegheitene dine, og har oversikt over tilbodet der du bur. Snakk med jordmor eller fastlege om du er i tvil. Saman kan de finne den fødestaden som passar deg.
Kvar kan du føde?
Det offentlege fødetilbodet er delt inn i tre nivå: Kvinneklinikk, fødeavdeling og fødestue.
På fødeavdelingar og kvinneklinikkar er tilbodet variert. Dei har tilbod både til friske kvinner som ventar normal fødsel, og til risikofødslar som treng spesiell oppfølging. Fødestuer er for friske kvinner med normale svangerskap og ein venta normal fødsel.
Enkelte gravide har behov for ekstra oppfølging på grunn av ulike former for risiko. For å sikre at du får best mogleg hjelp, vil jordmor eller lege fortløpande vurdere kva grad av oppfølging du treng. Dette gjeld både i svangerskapet, når du kjem til fødestaden, i løpet av fødselen og den første tida etter fødselen.
Om du eller barnet ditt har ein tilstand som gjer at fødselen bør gå føre seg på ei spesialisert eining, vil du få fødeplass på ei fødeavdeling eller kvinneklinikk med nødvendig kompetanse.
Følgjetjeneste
Følgjeteneste er for deg som har meir enn 1,5 timars reiseveg til fødestaden. Då får du følge av helsepersonell for tryggleik og for å sikre nødvendig medisinsk hjelp undervegs.
Kvinneklinikk, fødeavdeling eller fødestue
Av og til kan kvinner som har fødd på kvinneklinikk eller fødeavdeling flyttast til ei fødestove nærare heimstaden etter fødselen, for oppfølging i barseltida. Dette kan vere vanskeleg å føreseia før fødsel, men snakk med jordmor eller lege for å få meir informasjon om moglegheita for det der du bur.

Planlagd heimefødsel
Dersom du vil føde heime, må du vere frisk og ha eit normalt svangerskap med fødsel til termin.
Illustrasjon: Mostphotos
Kurs om fødsel og barsel
Det blir tilbode ulike typar fødsels- og foreldreførebuande kurs. Formålet med kursa er å gi auka kunnskap om siste del av svangerskapet, fødsel og barseltid. Nokre sjukehus og fødestover arrangerer også omvising og besøk på fødestaden før fødsel.
Ta kontakt med jordmor, fastlege eller fødestaden din for oversikt over dei lokale tilboda.
