Reseptar
Her finn du ei samla oversikt over reseptane dine på medisinar og andre varer. Du kan òg fornye reseptar og sjå logg over bruk.
Om tenesta
Her blir reseptane dine og informasjon om utleverte legemiddel, næringsmiddel og medisinsk forbruksmateriell vist. Opplysningane blir henta frå reseptformidlaren og kjernejournal.
Sjå og fornye reseptar
Dersom fastlegen din tilbyr det, kan du be om få fornya reseptane dine direkte frå legemiddel når du er innlogga på Helsenorge. Der får du oversikt over kva reseptar du har og om det er meir igjen på resepten din.
Dersom fastlegen din ikkje tilbyr digitale tenester på Helsenorge, vil du få beskjed om dette når du loggar inn. Sjølv om fastlegen ikkje tilbyr digitale tenester, finn du informasjon om kven fastlegen din er og kontaktopplysningar til legekontoret.
For ungdom mellom 13 og 16 år med foreldresamtykke
Er du mellom 13 og 16 år, kan du førebels ikkje fornye reseptar via Helsenorge. Kontakt behandlaren din på annan måte om du treng å fornye ein resept.