Sjukdom og kritisk informasjon
Her ser du opplysningar om deg og helsa di som helsepersonell skal kjenne til ved undersøkingar og behandling.
Du kan sjølv legge inn sjukdommar eller helsetilstandar som du har eller har hatt, og som du ønsker at helsepersonell skal vite om når du får behandling.
Snakk med legen din først dersom du er i tvil om du skal legge inn ein sjukdom eller ikkje.
Kritisk informasjon må registrerast av helsepersonell
Kritisk informasjon er informasjon som lege, og i nokre tilfelle sjukepleiar eller psykolog, må registrere for deg i journalsystemet sitt.