Mann med headsett.

EU/EØS-borgere kan velje fritt kva EU/EØS-land dei vil motta helsehjelp i. Dei vil kunne få dekka utgifter til helsehjelpa frå sine trygdestyresmakter.

Helsehjelp for norske borgarar som vil reise ut

Norske borgarar og andre personar med medlemskap i norsk folketrygd som har rett til å motta helsehjelp i Norge, kan velje å motta tilsvarande helsehjelp i eit anna EU/EØS-land.

Føresetnaden for å få refundert utgiftene er at det offentlege ville ha dekka utgiftene til helsehjelpa i Noreg. Både helsetenester etter folketrygdloven kapittel 5, tannhelsetjenesteloven og spesialisthelsetjenesteloven er omfatta av denne ordninga.

Dersom du reiser til eit anna EU/EØS-land og mottar helsehjelp, må du sjølv betale for helsehjelpa. Dersom vilkåra er oppfylt, kan du få refusjon i etterkant om du søker Helfo om dette.

Refusjonen er avgrensa til det beløpet tilsvarande helseteneste ville kosta det offentlege dersom helsetenesta var motteken i Noreg. Helfo dekker i liten grad reiseutgifter. Du får ikkje dekka meir enn om du ville reist til nærmaste behandlingsstad i Noreg.

Dersom du er vurdert til å ha rett til nødvendig helsehjelp fra spesialisthelsetenesta (rettigheitspasientar), kan du søke Helfo om såkalla førehandstilsegn. Les meir om forhåndstilsagn på siden "Sykehusbehandling og andre spesialisthelsetjenester i EU/EØS-land".

Her er ei oversikt over kva slags helsehjelp pasientar kan søke om å få refundert utgiftene til.

Helsehjelp for EU/EØS-borgarar som vil til Noreg

Borgarar frå andre EU/EØS-land kan velje å komme til Noreg for å få behandling. Desse pasientane må sjølv betale for behandlinga og kan eventuelt søke om refusjon i heimlandet sitt.

Her kan du lese meir om å vere EU/EØS-borger som ønsker helsehjelp i spesialisthelsetenesta i Noreg.

Nasjonalt kontaktpunkt kan informere deg

Nasjonalt kontaktpunkt kan informere om kva slags reglar som gjeld for refusjon for helsehjelp mottatt i utlandet, og vidareformidle informasjon om andre lands nasjonale kontaktpunkt.

Nasjonalt kontaktpunkt i Noreg kan og informere personer som ønsker å komme til Norge for å få helsehjelp her, og gje rettleiing om det norske helsevesenet.

Nasjonalt kontaktpunkt

Helfo er Nasjonalt kontaktpunkt i Norge og blir betent av Veiledning Helsenorge. Telefonnummer: +47 23 32 70 00

Telefontid: måndag–fredag kl. 08.00–15.30

Innhaldet er levert og kvalitetssikra av Helfo

Helfo. Nasjonalt kontaktpunkt for helsehjelp. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert 2026 čakčamánnu 22, maŋŋebárga [henta 2026 čakčamánnu 23, gaskavahkku]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/se/behandling-i-utlandet/Nasjonalt-kontaktpunkt-for-helsehjelp/

Sist oppdatert 22. čakčamánnu 2026

Fant du det du lette etter?