Fireårskontroll

Oppsummering

Når barnet ditt er fire år, får de tilbod om ein individuell konsultasjon med ein helsesjukepleiar på helsestasjonen. Du får då spørsmål om det er noko du ønskjer å ta opp.

Kven møter du?

  • helsesjukepleiar

Tema

Helsesjukepleiar tek opp tema som:

Undersøkingar

Vekta og høgda til barnet blir målt. Helsesjukepleiar gjer ein observasjon av helsa og allmenntilstanden til barnet, syn, høyrsle og rørsleutvikling (fin- og grovmotorikk).

Førebuingar

I forkant av denne konsultasjonen kan du bli bedt om å fylle ut eit skjema der du svarer på spørsmål om språkferdigheitene og den motoriske utviklinga til barnet. Helsesjukepleiar går gjennom svara saman med dykk.

Det er fint om de førebur barnet på kva som skal skje på konsultasjonen.

  • Barnet blir vege avkledd, eventuelt med truse og trøye, for å få eit mest nøyaktig resultat.
  • Synet blir undersøkt. Barnet ser med eitt auge om gangen, og det andre blir dekt til. Barnet skal sjå på ei tavle med figurar på.
  • Høyrsla blir undersøkt. Barnet får på seg hovudtelefonar. Når barnet høyrer ein lyd, gir barnet eit signal.

Helsedirektoratet. Helsestasjons- og skolehelsetjenesten. Nasjonal faglig retningslinje. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; 2019 [hentet 2021-02-23]. 

Maŋimusat ođastuvvon 2020 ođđajagemánnu 10, bearjadat