Nikotinavhengnad og abstinens

Nikotin er det stoffet i snus og røyk som gjer deg avhengig. Dersom du sluttar å snuse eller røykje, er det vanleg å få forbigåande plager av abstinens.

​​​​​​​​​​​​​​​​Verknaden nikotinet har på kroppen

Sigarettar og snus inneheld det avhengnadsskapande stoffet nikotin. Tobakksrøyk er ein effektiv måte å transportere nikotin. Når du trekker inn røyken, blir nikotin skilt frå tobakken i røyken. I lungene passerer nikotinet raskt over til blodbana, og det blir transportert til hjernen i løpet av få sekund.

Nikotinet i snus blir teke opp gjennom slimhinnene i munnen. Då tek det litt lengre tid før det når hjernen. Det blir ikkje den same nikotintoppen som ved røyking, men til gjengjeld varer nikotintilførselen lenger.

Nikotin er svært likt eit av hjernen sine eigne signalstoff (acetylkolin), og festar seg til spesielle bindingsstader i hjernen. Når nikotin bind seg, blir ei rekke andre signalstoff frigjorde, blant anna dopamin. Dopamin er ein del av hjernen sitt påskjøningssystem og gjev ei oppleving av å vere tilfreds. Dette gjer at du har lyst til å halde fram.

Nikotin har akutte effektar på hjarte- og karsystemet og gjer at hjartet slår fortare, at årene trekker seg saman og blodtrykket aukar.

Kvalm og svimmel av nikotin

Nikotin er eit giftstoff som det er naturleg at du reagerer på. Nokon kallar den fysiske reaksjonen som oppstår, for "nikotinsjokk". Det er særleg dei første gongene du røyker eller snuser at du blir kvalm og svimmel, eller til og med kastar opp. Men det kan også skje seinare dersom du bruker meir eller sterkare tobakk enn kroppen er van med. Grunnen er at du får ein forgiftingsreaksjon av nikotin. Nikotin skaper ein stresstilstand i kroppen din, og kan gje hjartebank og sveittetokter. Derfor er det også vanleg å bli kvalm og svimmel. Det går raskt over dersom du lèt vere å bruke nikotin.

Nikotin kan påverka utviklinga av hjernen

Bruk av nikotin i barne- og ungdomstida kan påverka utviklinga av hjernen, som ikkje er ferdigutvikla før i midten av 20-åra, ifølgje rapportar frå FHI. Nikotinet kan mellom anna ha negativ effekt på minne, merksemd og høyrsel. Hjernen til barn og ungdom er også meir sårbar for utvikling av nikotinavhengnad.

Helseskader ved røyking og snus

Nikotinavhengnad

Dersom du røyker eller snuser fleire gonger, vil påskjøningssystemet bli van med at du tilfører nikotin, og du vil kjenne på ubehag (abstinensplager) dersom du ikkje gjev systemet nikotin som vanleg. Mange vil røykje eller snuse for å unngå dette ubehaget. Etter kvart har dei fleste lyst på nikotin fordi dei er avhengige, og ikkje berre fordi det gir velvære.

Forsking har vist at så mange som éin av tre som har prøvd å røyke, blir daglegrøykarar. Kor fort du blir avhengig av tobakk, kan handle om korleis du er sett saman genetisk, men vi veit at det å prøve tobakk i ung alder aukar faren for å utvikle avhengnad.

Nikotinavhengnad blir opplevd ulikt

Alle vil oppleve nikotinavhengnad ulikt. Også dei som berre røyker eller snuser av og til, kan få teikn på avhengnad. Avhengnad kan kjennast ut som om kroppen din og tankane dine styrer deg mot å ta ein røyk eller snus. For somme er nikotinavhengnaden så sterk at dei ikkje kan tenke på noko anna eller gjere noko anna før dei har fått den første røyken eller snusen om morgonen. Andre merkar ikkje at dei er avhengige før dei prøver å slutte.

Abstinensar

Sjølv om du er heilt bestemt på å slutte å røyke eller snuse, kan du likevel kjenne trong til å halde fram. Nikotinsuget og behovet for å røyke eller snuse er eit sikkert teikn på avhengnad. Det same er abstinensplager. Det er heilt normalt med både små og store abstinensplager når du går i gang med å slutte.

Dei vanlegaste abstinensplagene er:

  • å kjenne seg uroleg
  • å bli lettare svimmel
  • lett kvalme
  • konsentrasjonsvanskar
  • irritabilitet
  • å kjenne seg nedfor
  • sug etter røyk eller snus

Andre abstinensplager kan vere hjartebank, kaldsveitte og hovudverk.

Plagene går gradvis over og er som regel borte om lag fire veker etter at du har slutta. Det kan ta lengre tid å bli kvitt det saknet du opplever i situasjonar du forbind med røyk og snus. Døme kan vere etter at du har ete eller at du er saman med nokon du pleidde å ta ein røyk med.

Legemiddel til røykeslutt kan redusere ubehaget og abstinensplagene slik at du kan konsentrere deg om å bryte innlærte vanar i samband med det å røyke.

Helsegevinster etter røykeslutt

Se hva som skjer i kroppen din når du kutter røyken.

Helserisiko ved snusbruk, Rapport fra Folkehelseinstituttet, 2019.

Nikotinavhengighet – medisinsk-biologiske forhold, Tidsskriftet Den norske legeforening, 2002.

The Health Consequences of Smoking — 50 Years of Progress: A Report of the Surgeon General. U.S. Department of Health and Human Services, Centers for Disease Control and Prevention, 2014.

Adverse health effects of electronic cigarette use: an umbrella review and toxicological evaluation, Rapport fra Folkehelseinstituttet, 2022

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Nikotinavhengnad og abstinens . [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 9. desember 2022 [henta tysdag 16. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/snus-og-roykeslutt/nikotin-og-avhengighet/

Sist oppdatert fredag 9. desember 2022