Tinnitus (øyresus)

Når du har tinnitus, opplever du å høyre lyd som ikkje kjem frå ei lydkjelde rundt deg. Det er svært vanleg å oppleve tinnitus. For dei fleste varer det kort og er lite sjenerande, men nokre blir så plaga av tinnitus at det reduserer livskvaliteten vesentleg.

Symptom på tinnitus

Opplevinga av tinnitus er unik frå person til person. Nokre har tinnitus i eitt øyre, andre har i begge øyra eller ein udefinerbar stad i hovudet.

Vanlege skildringar av tinnitus er ein susande, fresande, ringjande eller plystrande lyd. Andre skildrar det som lyden av grashopper, metall, sekkepiper, summing eller vatn som renn.

Tilleggsplager ved tinnitus

Vanlege tilleggsplager ved tinnitus er:

  • søvnproblem
  • konsentrasjonsvanskar
  • nedsett minne
  • forskjellig grad av nedstemtheit, depresjon, uro, angst
  • forskjellige stressymptom som hovudverk, muskelspenningar, muskelsmerter
  • irritabilitet og låg toleranseterskel

Mange klarer å meistre tinnitus over tid, men ein del er så plaga at dei søkjer behandling.

Det er ingen klar samanheng mellom styrke på tinnitus og kor store plager du har. Ein del kjem inn i ein negativ sirkel der dei ikkje ønskjer å lytte til tinnitus, men likevel ikkje klarer å la vere. Plagene kan då påverke og forsterke kvarandre, i tillegg til å forverre sjølve årsaka til problema.

Irritasjon, negative tankar, trøyttleik, nedstemtheit og stress påverkar evna til å vere konsentrert, uansett om du har tinnitus eller ikkje. Gjennom å redusere stress og spenning kan du auke konsentrasjonsevna. Det finst også ulike metodar for å trene opp konsentrasjonsevna.

Eit høyrselstap kan vere årsaka til at tinnitus oppstår. Går du med eit ubehandla høyrselstap over tid, kan det bidra til å halde ved lag negative kroppslege reaksjonar på tinnitus.

Behov for helsehjelp

Akutt tinnitus

Perioden frå tinnitus oppstår til om lag tre månader fram i tid kallar vi akutt tinnitus. Akutt tinnitus kan utløyse kroppslege stressreaksjonar. Kunnskap om tinnitus og konkrete øvingar for å roe ned stress i kroppen er nyttig.

I akuttfasen er søvn viktig. Dersom det er vanskeleg å sovne eller du vaknar mykje om natta utan å få sove igjen, bør du oppsøkje lege for hjelp.

Tinnitus endrar seg over tid, og ein akutt fase vil gå over i ein rolegare fase. Det er viktig å unngå fullstendig stille i denne perioden.

Kontakt lege dersom du opplever akutt tinnitus i kombinasjon med einsidig høyrselstap og svimmelheit, hovudverk, smerte eller renning frå øyret.

Årsaker til tinnitus

Tinnitus er ikkje ein sjukdom, men kan vere eit symptom på skade eller sjukdom. Lydane du høyrer når du har tinnitus, kjem utelukkande frå ditt eige nervesystem.

Ofte kan det vere vanskeleg å knyte ei spesiell hending til at tinnitus oppstår, men mange kan oppleve tinnitus ein kort periode etter å ha opphalde seg i støy, til dømes etter ein konsert.

Dei vanlegaste årsakene til tinnitus er:

  • alder
  • høyrselstap
  • ulike skadar i hovud- og nakkeregionen
  • endringar i livet som har gjeve stress

Kunnskap om hjernen og korleis høyrselssystemet arbeider, er viktig i forståinga av tinnitus. Via sansane våre blir vi kontinuerleg utsette for sanseinntrykk. Dei fleste inntrykk blir behandla automatisk, basert på tidlegare erfaringar. Vi skal reagere dersom kroppen registrerer ukjende signal. Dette er ein del av overlevingsinstinktet vårt. Vi klarer å reagere fordi det oppstår ein stressreaksjon i kroppen. Desse blir styrte av umedvitne prosessar. Vi kan godt tole ein kortvarig stressreaksjon, men over tid kan det gje grunnlag for plager.

Behandling for tinnitus

Utgreiing og behandling av tinnitus startar med ei generell helseundersøking hos fastlege eller bedriftslege. Dersom legen ikkje finn underliggjande alvorleg sjukdom, kan situasjonen avdramatiserast. Det er viktig at du får god og riktig informasjon i akuttfasen, slik at tinnitus ikkje festar seg og blir eit større problem enn han treng å bli.

Dersom du har søvnproblem, er det viktig at du får råd og rettleiing knytt til denne problematikken. Har du kroniske muskelplager og spenningar i kroppen, kan du få god hjelp hos ein fysioterapeut.

Dersom du treng ytterlegare utgreiing og behandling, vil legen tilvise deg vidare til spesialisthelsetenesta.

Alle høyrselssentralar og øyre-nase-hals-avdelingar/spesialistar kan tilby deg utgreiing, diagnostisering og behandling av tinnitus. Tilpassing av hjelpemiddel, og individuell rettleiing og rådgjeving, vil vere ein grunnleggjande del av behandlingstilbodet. Fleire helseføretak tilbyr gruppebaserte meistringskurs, der du blant anna vil få grundig informasjon om tinnitus.

I dei tilfella der ein finn ei årsak til tinnitus som er mogleg å behandle medisinsk, er det naturleg å behandle årsaka først. Ved behov gjer ein dette parallelt med at du får behandling for symptoma.

Rett til å velje behandlingsstad

Du har rett til å velje behandlingsstad for alle undersøkingar og behandlingar du blir tilvist for. I boksen under vil du sjå at ventetidene kan variere.

Sjølvhjelp og råd

Å leve med tinnitus

Opplevinga av tinnitus er unik, og ho kan i dei aller fleste samanhengar ikkje samanliknast. Trass i dette, hjelper det ofte å snakke med nokon som har eigne erfaringar med tinnitus – med ein som har lært seg å takle situasjonen, slik dei aller fleste gjer etter kvart.

Samtalar med andre kan utvide horisonten. Du får nye idéar og perspektiv på korleis du kan leggje ting betre til rette i kvardagen din. Via Hørselshemmedes Landsforbund (hlf.no) kan du finne likesinna i lokalmiljøet ditt.

Offentlige nettportaler om syn, hørsel og kombinerte sansetap

Hørselshemmedes Landsforbund NHL

HHL jobber for å gjøre hverdagen enklere for landets hørselshemmede, og forebygge hørselstap i befolkningen.

Innhaldet er levert av Sørlandet sykehus HF, Tinnitusklinikken

Sørlandet sykehus HF, Tinnitusklinikken. Tinnitus (øyresus). [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 10. februar 2023 [henta onsdag 29. mai 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/ore-nese-hals/tinnitus/

Sist oppdatert fredag 10. februar 2023