Eigendelar for helsetenester

Finn ut kor mykje du skal betale i eigendelar for behandling og andre helsetenester før du får frikort for helsetenester.

Helfo. Illustrasjonsbilde. Foto: Morten Rakke

​Eigendelar er betaling som inngår i oppteninga til frikort for helsetenester. Du kan lese meir om frikort på denne sida: Frikort for helsetenester.

I enkelte tilfelle må du betale for forbruksmateriell eller liknande som ikkje tel med i oppteninga til frikort. 

Frikort for helsetenester Behandling

Eigendelar frå

  • lege
  • psykolog
  • poliklinikk (sjukehus)
  • røntgeninstitutt
  • pasientreiser
  • medisinar, næringsmiddel og medisinsk utstyr på blå resept

 

  • undersøking og behandling hos fysioterapeut
  • enkelte former for tannbehandling
  • opphald ved godkjent rehabiliteringsinstitusjon
  • behandlingsreiser til utlandet i regi av Oslo universitetssykehus, Rikshospitalet HF

Egenandelstak 2023: 3040 kroner 

 

Eigendelar hos behandlarar

Eigendelar hos lege, psykolog, poliklinikk (sjukehus), laboratorium og røntgeninstitutt, fysioterapeut, tannlege (enkelte former for tannbehandling), enkelte opphald ved rehabiliterings- og opptreningsinstitusjonar og behandlingsreiser til utlandet i regi av Oslo universitetssjukehus/Rikshospitalet, samt eigendelar til medisinar, næringsmiddel og medisinsk utstyr på blå resept tel med i oppteninga til frikort for helsetenester.

Eigendelar hos fysioterapeut

Eigendel
For undersøking inntil 30 minutt (også hos manuellterapeut og andre spesialistar) 185 kroner
Inntil 20 minutt behandling hos fysioterapeut 135 kroner
Deretter per påbyrja 10 minutt 42 kroner
Inntil 20 minutt behandling hos manuellterapeut Deretter per påbyrja 10 minutt ​177 kroner 64 kroner
​Inntil 20 minutt behandling hos fysioterapeut med tilleggskompetanse i psykomotorisk fysioterapi Deretter per påbyrja 10 minutt ​132 kroner 42 kroner
30 minutt gruppebehandling 59 kroner
​60 minutt gruppebehandling ​102 kroner
​90 minutt gruppebehandling ​147 kroner
Eigendelen heng saman med behandlingsforma.  

Les meir på sida om eigendelar hos fysioterapeut.

Eigendelar hos lege

Lege Eigendel dagtid Eigendel kveldstid
Konsultasjon hos allmennlege/legevakt> 160 kroner 280 kroner
Konsultasjon hos allmennlege/legevakt der legen er spesialist i allmennmedisin 212 kroner 332 kroner
Tillegg for tidsbruk ved konsultasjon over 20 minutt (per påbegynt 15 minutt) 10 kroner
Sjukebesøk frå allmennlege/legevakt 223 kroner 357 kroner
Sjukebesøk av allmennlege som er spesialist i allmennmedisin 261 kroner 395 kroner
Konsultasjon hos/eller sjukebesøk frå spesialist 375 kroner  
Førespurnad, rådgjeving ved frammøte eller bod 58 kroner ​57 kroner
Laboratorieprøver 59 kroner  
Røntgen  267 kroner
Enkel pasientkontakt som resulterer i utskriving av sjukemelding eller tilvising til spesialist ​69 kroner

Les meir på sida om eigendelar hos lege.

Eigendelar på sjukehus/poliklinikk

 Eigendelstakstar på poliklinikk Sats
Undersøking, behandling, kontroll på poliklinikk av spesialist>(Taksten gjeld og for telefon- og videokonsultasjonar) 375 kroner
Røntgen, ultralyd eller nukleærmedisinsk undersøking 267 kroner

Les meir på sida om eigendelar på sjukehus/poliklinikk.

Eigendelar hos psykolog

Psykolog Eigendel
Ordinær eigendel (1/2 eller 1 time) 375 kroner
Sesjon 1,5 time 563 kroner
Sesjon 2 timer 750 kroner
​Sesjon 2,5 timer ​938 kroner
Sesjon 3 timer 1125 kroner
Gruppeterapi, minst 2 timer 375 kroner
Gruppeterapi, minst 3 timer 563 kroner

Les meir på sida «Eigendelar hos psykolog».

Eigendel hos tannlege

Det er berre to behandlingsformer hos tannlege der eigendelane inngår i oppteninga til frikort:

  • Sjukdommar og misdanningar (anomaliar) i munn og kjeve

  • Behandling av enkelte former for tannkjøtsjukdommar (marginal periodontitt og periimplantitt)

Tannlegar og tannpleiarar er ikkje bundne av dei fastsette refusjonstakstane, og bestemmer sjølv prisane sine. Du må derfor betale mellomlegget mellom det tannlegen/tannpleiaren krev og beløpet folketrygda dekkjer, sjølv om du har frikort. Les meir på sida «Kven betaler tannlegerekninga di?».

Eigendelar ved rehabiliterings- og opptreningsinstitusjonar

Opphald ved rehabiliterings- og opptreningsinstitusjonar Eigendel
Opphald i rehabiliteringsinstitusjon, per dag eller døgn 156 kroner

Eigendelar ved behandlingsreiser til utlandet i regi av Oslo universitetssjukehus/Rikshospitalet

Opphald ved behandlingsreiser til utlandet Eigendel
Opphald ved behandlingsreiser til utlandet, per døgn 126 kroner

Eigendelar for pasientreiser

Viss du ikkje har frikort for helsetenester må du betale ein eigendel for kvar enkelt pasientreise. Du må betale eigendel for kvar veg.

Les meir på Pasientreiser si side om eigendelar og satsar.

Har du reiseutgifter til anna behandling? Les meir på sida «Reiseutgifter til ridefysioterapi, elektrolyse og nokre rekreasjonsopphald». Desse utgiftene tel ikkje med i oppteninga til frikort for helsetenester.

Content provided by Helfo

Last updated Sunday, January 1, 2023