Førebuingar til å bli gravid

Dersom du planlegg å bli gravid, kan det hende du treng å gjere nokre endringar i livsstil, medisinbruk eller andre forhold knytte til helsa di.

Røyk, snus, alkohol og andre rusmiddel

Du bør ikkje drikke alkohol når du er gravid. Det beste er om du også unngår å drikke alkohol medan du prøver å bli gravid. Alkohol kan redusere fruktbarheita og auke risikoen for spontanabort.

Ver ekstra påpasseleg i tidsrommet etter eggløysing og fram til du skal ha neste menstruasjon. Du kan ha vorte gravid i denne perioden.

Røyking svekkjer fruktbarheita hos både menn og kvinner, og mykje tyder på at også snus gjev dårlegare fruktbarheit. Du reduserer risikoen for spontanabort ved å vere røykfri. Å kutte røyk og snus gjev barnet ditt betre vekst- og utviklingsutsikter.

Bruk av narkotika gjer deg mindre fruktbar og er skadeleg for fosteret. Dersom du bruker narkotika eller medisinar som ein del av legemiddelassistert rehabilitering for ruspasientar (LAR), er det viktig å få hjelp av helsepersonell dersom du ønskjer å bli gravid, og under graviditeten.

Snus, røyk og graviditet

Snusing og røyking kan føre til komplikasjoner når du er gravid. Se hvordan du kan få hjelp til å slutte.

Kosthald og kosttilskot

Pass på at du får i deg sunn og næringsrik mat når du prøver å bli gravid. Det beste for eit sunt svangerskap og ukomplisert fødsel er om du har normal vekt før svangerskapet. Er du overvektig, er det derfor ein fordel om du greier å gå ned i vekt før du blir gravid.

Ta eit multivitamin-mineraltilskot dagleg. Tilskotet bør innehalde minimum folat, D-vitamin, jod og jern. Dette er næringsstoff som er viktige i svangerskapet og som helst bør takast før du blir gravid. Folat (400 mikrogram per dag) i form av tilskot heilt i starten av svangerskapet (kanskje før du veit at du er gravid) kan bidra til å førebyggje alvorlege skadar som ryggmergsbrokk hos barnet.

Vegetarkost for gravide

Riktig sammensatt vegetar- og vegankost kan fint dekke behovet for de fleste næringsstoffer når du er gravid, men det er behov for enkelte tilskudd.

Fysisk aktivitet

Fysisk aktivitet reduserer stress og kan dermed gjere det lettare for deg å bli gravid. Dersom du trenar mykje, er det viktig at du får i deg nok mat og dermed meir energi, slik at du ikkje mistar menstruasjonen. Les meir om tilrådingane frå Helsedirektoratet for fysisk aktiviter her.

Gravid i jobb

Det er få arbeidsplassar det er farleg å jobbe ved når du er gravid eller planlegg å bli gravid. Nokre typar arbeidsmiljø må likevel leggje til rette for gravide, eller for dei som ønskjer å bli gravide.

Snakk med helsetenesta om sjukdomar og medisinar

Dei fleste klarer seg fint gjennom graviditeten når dei veit at dei kan få hjelp ved behov. Nokre treng meir hjelp enn den dei får med den vanlege svangerskapsoppfølginga.

Har du slite med eteforstyrringar eller psykiske lidingar, er det ein fordel at du tek kontakt med jordmor eller lege tidleg i graviditeten.

For dei som har kroniske lidingar som diabetes, epilepsi, høgt eller lågt stoffskifte eller andre sjukdomar som påverkar hormonbalansen, eller der du har behov for medisinar, er det også tilrådd å prøve å planleggje ein graviditet i samråd med lege.

Det same gjeld om du har hiv eller hepatitt som kan overførast til barnet, bør du planleggje graviditeten saman med legen din, helst i framkant av graviditeten.

Dersom du bruker faste legemiddel, bør du snakke med legen din om at du planlegg graviditet. Legen vil vurdere om inntaket bør endrast fordi du planlegg graviditet.

Du bør ikkje slutte å ta legemiddel utan at dette er planlagt saman med legen din. Det kan vere skadeleg både for deg og fosteret.

Gravid som tar medisiner

Graviditet og legemidler

Noen medisiner kan brukes av gravide fordi de ganske sikkert ikke skader fosteret. Se hvilke medisiner du kan og ikke kan bruke i graviditeten.

Illustrasjon: Andrey Popov / Mostphotos

Slit du med å bli gravid?

Dei fleste par i fruktbar alder som prøver å få barn, blir gravide innan om lag eitt år. Rundt 10–15 prosent av para lukkast likevel ikkje innan eit år.

Par som har prøvd i eitt år utan å bli gravide, blir rekna som ufrivillig barnlause. Men fleire av desse para vil lukkast, også etter at eitt år har gått. Dersom du og partnaren din ikkje lukkast med å bli gravid etter eitt år, kan de kontakte fastlegen som tilviser til ein spesialist i spesialisthelsetenesta. Utgreiing for ufrivillig barnløyse er alltid ei utgreiing av eit par. Det kan vere aktuelt med assistert befruktning om du ikkje blir gravid.

Er kvinna meir enn 35 år, kan ein søkje legehjelp alt etter eit halvt års forsøk utan å ha vorte gravid. Ved best moglege forhold reknar ein med at det berre er 20 prosent sjanse for å bli gravid ved kvar eggløysing.

På Oslo universitetssykehus sine sider kan du lese meir om ufrivillig barnløyse. 

Sliter dere med å bli gravide?

Hvis du og partneren din har prøvd å få barn i minst ett år uten å lykkes, kan dere få diagnosen infertilitet. Her er de viktigste årsakene.

Mattilsynet

Råd om trygg mat og drikke under svangerskapet, og informasjon om amming.

Trygg mammamedisin

Få råd frå fagfolk om trygg medisinbruk ved graviditet og amming. Tenesta er gratis. 

Zanzu

Informasjon om graviditet, fødsel og barseltid på arabisk, engelsk, farsi, fransk, norsk, polsk, somali, tigrinja og tyrkisk retta mot innvandrarar og andre med kort butid.

Nasjonal faglig retningslinje for svangerskapsomsorgen, Helsedirektoratet 06.06 2018.​    

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Førebuingar til å bli gravid . [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert måndag 14. mars 2022 [henta laurdag 14. desember 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/gravid/vil-bli-gravid/

Sist oppdatert mandag 14. mars 2022