Kostråd om drikke

Vel vatn som tørstedrikk. Vatn dekker væskebehovet , og er den aller beste drikka når du er tørst. Dette gjeld både vatn frå springen og vatn på flaske.

Vannmugge og frukt

Slik følgjer du kostrådet

  • Vel vatn når du er tørst
  • Unngå drikker med mykje sukker til kvardags

Søte drikker som saft, brus, iste og energidrikkar inneheld gjerne mykje sukker og lite næring. I tillegg er både drikke som er tilsett sukker, og søta drikke som regel sure (inneheld mykje syre) og kan gi skade på tannemaljen.

Kvifor drikke vatn

Vatn er nødvendig for å oppretthalde normale kroppsfunksjonar. Vassinnhaldet i kroppen varierer med alder frå rundt 75 prosent hos nyfødde til rundt 50 prosent hos eldre. Behovet for vatn varierer mykje mellom personar, og frå dag til dag, avhengig av aktivitetsnivå og klimatiske forhold.

Vaksne med moderat fysisk aktivitet har behov for omtrent 2–2,5 liter om dagen. Vatn blir tilført kroppen via drikke, mat og vatn som blir danna ved forbrenning av karbohydrat, feitt og protein («metabolsk vatn»)

Hos friske personar blir inntaket av væske styrt av tørstekjensla. Det gjer at du slepp å tenke på kor mykje du må drikke i løpet av dagen.

Drikke med tilsett sukker eller søtstoff

Befolkninga drikk for mykje brus, saft og andre søte leskedrikkar. Det samla forbruket av sukkerhaldig brus, inkludert brus med fruktjuice og energidrikker med sukker, er om lag 49 liter per person.

Vi bør redusere inntaket av drikke som inneheld sukker.

Bruk av sukkerhaldig drikke aukar risikoen for overvekt, hol i tennene (karies) og syreskadar på tennene, og bør derfor avgrensast. Karies oppstår i eit komplekst samspel mellom bakteriane i munnen, sukker og tannvev. Et du ofte og mykje mat med tilsett sukker, stimulerer du bakteriane sin produksjon av ulike stoff som kan føre til karies.

Drikke med søtstoff gir lite eller ingen energi samanlikna med drikke med tilsett sukker.

Brus, saft, nektar og andre søte drikkar, både tilsett sukker eller søtstoff, inneheld mykje syre og kan føre til syreskadar på tennene. Hyppig inntak, særleg mellom måltida, er frårådd for å redusere syreskade på tennene.

Ikkje gi drikke med søtstoff til barn under 3 år.

Andre drikkar: mjølk, jus og kaffi

Vel magre mjølketypar

Helsedirektoratet tilrår at du vel magre mjølketypar, som skumma mjølk og lettmjølk med 0,7 prosent feitt eller mindre. Magre mjølketypar inneheld noko energi og rikeleg med kalsium, jod, riboflavin (vitamin B2) og protein.

Ein bør unngå høgt inntak av jus

Eitt glas jus om dagen kan vere éin av dei tilrådde fem porsjonane med grønsaker, frukt og bær, og inneheld dei fleste næringsstoffa som er i fruktene jusen er laga av.

Men du bør unngå høgt inntak av jus. Jus har eit relativt høgt energiinnhald, er surt og kan innehalde mykje mindre kostfiber enn om du et heile frukta. Å ete heil frukt gir som regel ei betre kjensle av å vere mett enn det jus gir.

Kaffi og te gir lite eller ingen energi

Kaffibønner inneheld feittstoff som er uheldige for kolesterolnivået i blodet. Når du traktar kaffi, blir dei fleste av desse feittstoffa fanga opp i papirfilteret. Og pulverkaffi blir filtrert før frysetørkinga. Traktekaffi og pulverkaffi påverkar derfor ikkje kolesterolnivået i blodet, medan kokekaffi, espressokaffi og presskannekaffi har ugunstig effekt.

Likar du å ha litt kvitt i kaffien og teen? Vel mager mjølk, og tenk over mengda sukker.

Forskningsbaserte kostråd

​Kostråda bygger på eit omfattande forskningsgrunnlag. Ingen enkeltstudie er nok til å endre tilrådingane. 

Kostråd for å fremme folkehelsen og forebygge kroniske sykdommer (bygger på systematiske kunnskapsoppsummeringer nasjonalt og internasjonalt, konkluderer med konkrete kostråd, beskriver metoden og det vitenskapelige grunnlaget)

Anbefaling om kosthold, ernæring og fysisk aktivitet (norsk versjon av Nordic Nutrition Recommendation (pdf))

Den internasjonale forskningen på kosthold og helse er omfattende, og ingen enkeltstudie er nok til å endre anbefalingene.

Innholdet er levert av Helsedirektoratet

Sist oppdatert tirsdag 15. desember 2020