Toårskontroll

Oppsummering

Når barnet ditt er to år, får de tilbod om ein individuell konsultasjon på helsestasjonen. Då møter de både helsesjukepleiar og lege. Du får då spørsmål om det er noko du ønskjer å ta opp.

Kven møter du?

  • helsesjukepleiar
  • lege

Tema

Helsesjukepleiar tek opp tema som desse:

Undersøkingar

Barnet blir vege og målt avkledd, eventuelt med tørr bleie eller truse. Helsesjukepleiar gjer ein observasjon av synet, høyrselen og rørsleutviklinga (fin- og grovmotorikk) til barnet.

I tillegg undersøkjer legen dette:

  • huda til barnet (utslett, bleikheit)
  • munnen og munnhola til barnet (tenner)
  • magen til barnet
  • hjarterytmen, luftvegane og pustemønsteret til barnet
  • hoftene og ryggen til barnet (rørsleutslag og feilstillingar)
  • testiklane på gutar

Førebuingar

I forkant av denne konsultasjonen kan du ha blitt bedt om å fylle ut eit skjema der du svarer på spørsmål om språkferdigheitene og den motoriske utviklinga til barnet. Helsesjukepleiar går gjennom svara saman med dykk.

Det er fint om de førebur barnet på kva som skal skje på konsultasjonen.

  • Barnet blir vege avkledd, eventuelt med tørr bleie eller truse.