Toårskontroll
- Oppsummering
- Kven møter du?
- Tema
- Undersøkingar
- Førebuingar
Oppsummering
Når barnet ditt er to år, får de tilbod om ein individuell konsultasjon på helsestasjonen. Då møter de både helsesjukepleiar og lege. Du får då spørsmål om det er noko du ønskjer å ta opp.
Kven møter du?
- helsesjukepleiar
- lege
Tema
Helsesjukepleiar tek opp tema som desse:
- samspelet mellom deg og barnet
- kosthald og måltidsvanar
- tannhelse og tannpuss (smokk og fingersuging)
- søvnvanar
- fysisk aktivitet og leik (utandørsaktivitetar, stillesitting)
- barnet si seksuelle utvikling
- språkutvikling
- mobil- og skjermbruk, inkludert bruk av sosiale medium
- rusmiddelbruk (alkohol og andre rusmiddel)
- miljøet og tryggleiken til barnet
- trivselen og den psykiske helsa til foreldra (familieforhold, sosialt nettverk, samliv)
Undersøkingar
Barnet blir vege og målt avkledd, eventuelt med tørr bleie eller truse. Helsesjukepleiar gjer ein observasjon av synet, høyrselen og rørsleutviklinga (fin- og grovmotorikk) til barnet.
I tillegg undersøkjer legen dette:
- huda til barnet (utslett, bleikheit)
- munnen og munnhola til barnet (tenner)
- magen til barnet
- hjarterytmen, luftvegane og pustemønsteret til barnet
- hoftene og ryggen til barnet (rørsleutslag og feilstillingar)
- testiklane på gutar
Førebuingar
I forkant av denne konsultasjonen kan du ha blitt bedt om å fylle ut eit skjema der du svarer på spørsmål om språkferdigheitene og den motoriske utviklinga til barnet. Helsesjukepleiar går gjennom svara saman med dykk.
Det er fint om de førebur barnet på kva som skal skje på konsultasjonen.
- Barnet blir vege avkledd, eventuelt med tørr bleie eller truse.
Helsedirektoratet. Helsestasjons- og skolehelsetjenesten. Nasjonal faglig retningslinje. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; 2019 [hentet 2021-02-23].
Sist oppdatert fredag 10. januar 2020