Akutt medisinsk hjelp 113
Tror du at tilstanden er farlig eller lett kan bli det, skal du straks ringe medisinsk nødtelefon 113.
Dei vanlegaste symptoma på hjerneslag er halvsidig lamming i ansiktet, arm eller fot og/eller talevanskar. Ring 113 straks ved mistanke om hjerneslag – kvart sekund tel.
Symptoma på hjerneslag oppstår plutseleg. Ein enkelt test kan redde liv. Dersom du mistenker hjerneslag, kan du spørje den det gjeld om å gjere dette:
Ring 113 så fort som mogleg dersom personen har problem med å gjennomføre nokon av desse tinga. Det er viktig å komme raskt til sjukehus for å unngå skadar. Kvart minutt tel.
Tror du at tilstanden er farlig eller lett kan bli det, skal du straks ringe medisinsk nødtelefon 113.
Symptoma på hjerneslag kan variere. Dei vanlegaste symptoma er
Ein kan òg oppleve å få lett svekking i ei hand eller ein arm, kraftig hovudverk, synsproblem eller svimmelheit.
Innhaldet er levert av Helsedirektoratet
Sist oppdatert fredag 31. januar 2020