Gravid dame hos fastlegen

Avtal første svangerskapskonsultasjon tidleg 

Ta kontakt med den lokale helsestasjonen eller fastlegen din for å avtale første svangerskapskonsultasjon når du veit at du er gravid. Kontaktinformasjon til helsestasjon eller jordmor i kommunen din finn du på nettsidene til kommunen.  

Har du testa positivt på ein graviditetstest heime, er heimetesten like sikker som den legen eller jordmor tilbyr.

Du bør få timeavtale innan ei veke. I dei fleste tilfelle kan du velje sjølv om du ønskjer oppfølging i svangerskapet hos fastlege eller jordmor. Eller om du ønskjer å fordele oppfølginga hos begge. 

I alle konsultasjonane er det fint om du har med morgonurin til ein test av urinen. 

Konsultasjon i svangerskapsveke 6 til 12 

På første konsultasjon vil jordmor eller lege snake med deg slik at dei saman er samde om behova dine i svangerskapet og kva som er viktig for deg. Denne tidlege konsultasjonen handlar om levevanar og førebuing til svangerskapet og korleis du kan få den helsehjelpa du har behov for i svangerskapet. 

Du vil få informasjon om oppfølging under graviditeten (svangerskapsomsorga) og fødetilbod der du bur. 

Du vil få eit helsekort der alle resultat blir noterte ned. Du må ta med kortet til kvar konsultasjon og i alle møte med helsepersonell så lenge du er gravid. Les meir om helsekortet og kva testar som blir tilrådde.

I samtalen vil følgjande kartleggjast: 

  • kosthald, trening, røyking, snus og alkohol
  • helsetilstand og eventuell sjukdom og bruk av legemiddel
  • tidlegare svangerskap, fødslar, barseltid, amming og eventuelle abortar
  • psykisk helse
  • eventuell erfaring med vald og overgrep
  • farskapserklæring dersom du og barnefaren ikkje er gift
  • søknad om medmorskap i likekjønna forhold 

I alle konsultasjonane kan du spørja om vanlege plager og endringar i kroppen din under graviditeten. 

Du vil få tilbod om å ta blodtrykk og ein enkel test av protein i urin, og dessutan blodprøve til testing av hepatitt B, hiv, syfilis, hemoglobin (blodprosent) og serumferritin (jernlager). Førgravid vekt blir registrert i helsekortet. 

Du vil få tilbod om å ta ei Rhd-blodprøve. Blodprøva blir mellom anna teken for å sjekke om du har blodtype Rhesus-negativ. Om du får påvist rhesus-negativ, blir det teke ei ny blodprøve seinare for å sjekka blodtypen til fosteret. Du kan lesa meir om det på Oslo universitetssjukehus sine sider.

Andre testar blir vurderte ved behov. 

Konsultasjon i svangerskapsveke 11 til 14: fosterdiagnostikk 

I desse vekene kan det gjennomførast fosterdiagnostikk. Alle gravide skal få tilbod om tidleg ultralyd i veke 11-14. Gravide over 35 eller gravide med spesiell indikasjon kan få tilbod om NIPT. Det er frivillig å ta imot tilbod om dette og du må gi samtykke for at det skal bli gjennomført tidleg ultralyd eller NIPT. 

Les meir om tidleg ultralyd, NIPT og annan fosterdagnostikk.

Konsultasjon i svangerskapsveke 17 til 19: ultralyd for terminfastsetting 

I veke 17 til 19 vil du få tilbod om rutineultralyd. Formålet med undersøkinga er å sjekke utviklinga og anatomien til fosteret, sjekke plasseringa av morkaka og sette termin.  
 
Les meir om rutineultralyd.

Konsultasjon i svangerskapsveke 24 

Jordmor eller fastlege vil spørje deg om korleis du har det som gravid. Du vil få tilbod om å ta blodtrykk, vege deg og  ta ein enkel test av protein i urin. 

Symfyse-fundus-mål 

I denne konsultasjonen blir det undersøkt korleis fosteret og livmora veks ved å måle avstanden mellom toppen av bekkenbeinet ditt til toppen av livmora. Resultatet blir notert på helsekortet. Målinga blir utført ved kvar konsultasjon frå og med veke 24. 

Hjarteslaga og rørslene til fosteret 

Hjarteslaget til fosteret blir undersøkt. På helsekortet blir det notert om du kjenner fosterrørsler. Du vil få informasjon om kva du skal kjenne etter og kva du kan gjera dersom du kjenner mindre fosteraktivitet. 

Du kan lese meir om å kjenne lite liv i svangerskapet på kjennliv.no.

Svangerskapsdiabetes 

Om du er førstegongsfødande over 25 år eller har risiko for å utvikle svangerskapsdiabetes, vil du få tilbod om ein glukosebelastningstest. 

Har du fått påvist blodtype RhD negativ? 

Om du har fått påvist blodtype RhD negativ blir det teke ei ny blodprøve i veke 24 for å påvise barnet sin Rhd-type. Du kan lese meir om dette på Oslo universitetssjukehus sine nettsider. 

Vaksine mot kikhoste 

Du vil få tilbod om vaksine mot kikhoste. 

Konsultasjonar i svangerskapsvekene 28 og 32 

Jordmor eller fastlege vil spørje deg om korleis du har det. Du vil få tilbod om å måla blodtrykk, måle symfyse-fundus, lytte på hjarteslaget til fosteret, vege deg og ein enkel test av protein i urin. Du får også spørsmål om rørslene til fosteret. 

Har fosteret Rhd-positivt blod og du har Rhd-negativt vil du i veke 28 få ein injeksjon som førebyggjer ein reaksjon mellom ditt og barnets blod. Du kan lese meir om det på Oslo universitetssjukehus sine sider.

I konsultasjonane kan de snakke om fødsel, barseltid, amming og tilrådingar om spedbarnsernæring. 

Konsultasjon i svangerskapsveke 36

Innhaldet i denne konsultasjonen er stort sett likt som i veke 24. I denne konsultasjonen blir det også sjekke korleis barnet ligg i livmora. Dei aller fleste legg seg med hovudet nedover i fødselskanalen/bekkenet. Dersom rumpa til barnet ligg vend mot fødselskanalen i staden for hovudet (seteleie), vil du bli tilvist til fødepoliklinikk for ei vurdering og plan for vidare oppfølging. 

Det er tilrådd at jordmor eller lege snakkar med deg om: 

Konsultasjonar i svangerskapsvekene veke 38, 40 og 41 

Dei siste konsultasjonane er stort sett like som dei førre. Blodtrykket ditt blir kontrollert, vekta di blir notert, urinprøva blir testa og hjarteslaget til fosteret blir registrert. I tillegg blir det sjekka korleis barnet ligg i livmora og barnets aktivitet. 

Det er eit godt høve til å ta opp spørsmål du vil ha meir kunnskap om eller ønskjer å diskutere eller om det er noko som du synest er vanskeleg. Det er eit mål at du og eventuell partnar skal kjenna dykk så trygge som mogleg. 

Svangerskap passert termin 

Du bør få tilbod om ein konsultasjon på sjukehuset innan ei veke etter ultralydtermin.  

Sjukehuset har då ansvaret for vidare oppfølging av deg og eventuell igangsetjing av fødsel. 

Kvinne i fødsel

Fødselen og de ulike fasene

Fødselen startar som oftast med rier og består av tre fasar: opningstid, utdrivingstid og etterbyrdstid. Kor lang tid fødselen vil ta, vil variera.

Illustrasjon: Doug Olson / Mostphotos

Høygravid kvinne

Når fostervatnet går

Mistenker du at fostervatnet har begynt å lekke, skal du alltid ta kontakt med fødeavdelinga der du skal føde.

Illustrasjon: iStockphoto

Andre prøver ved behov 

Raude hundar (rubella) 

Om du ikkje har fått to dosar vaksinar mot raude hundar eller fått påvist at du har eit antistoff, får du tilbod om ei blodprøve for å avdekke om du er beskytta. 

Dersom du ikkje har antistoff, får du tilbod om vaksinen etter fødselen. Vaksinen kan du få på helsestasjon eller hos fastlege. 

Hepatitt C 

Du bør undersøkjast for hepatitt C dersom du som gravid kan ha vore utsett for smitte. 

Toksoplasmose 

Du kan testa deg for å sjå om du har antistoff mot toksoplasmose i blodet. Dette blir tilrådd dersom du har katt, eller har vore i middelhavsstrøk rett før eller under graviditeten. 

Klamydia 

Du bør testa deg for klamydia dersom du er under 25 år og/eller har bytt seksualpartnar det siste året. Klamydia er ein seksuelt overførbar infeksjon i kjønnsorgana som kan oppstå i urinrøyr, livmor og eggleiarar. Det er ikkje alltid klamydia gir symptom. 

Herpes 

Om du får eit herpesutbrot i underlivet for første gong under svangerskapet, bør du ta dette opp med lege eller jordmor. Du vil bli tilvist vidare til gynekolog for vidare oppfølging. 

Video om svangerskapsomsorg

Ønsker du å se dette innholdet?

For å spille av denne videoen, trenger vi ditt samtykke.

Zanzu

Informasjon om graviditet, fødsel og barseltid på arabisk, engelsk, farsi, fransk, norsk, polsk, somali, tigrinja og tyrkisk retta mot innvandrarar og andre med kort butid.

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Svangerskapskonsultasjonar. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert onsdag 1. januar 2025 [henta onsdag 6. mai 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/gravid/svangerskapskonsultasjoner/

Sist oppdatert 1. januar 2025

Fann du det du lette etter?