I tenesta Prøver og undersøkingar kan du sjå svar på nokre prøver og undersøkingar, til dømes blodprøver, CT eller røntgen. Du blir kontakta av legen din dersom det er behov for å gå gjennom prøvesvaret.
Korleis fungerer tenesta?
Når du tek ei prøve eller ei undersøking, finn du resultatet av denne under Prøver og undersøkingar.På sikt vil dette gjelde uansett kva behandling du får, eller kven som har bestilt prøva eller undersøkinga. Alle som er involvert i behandlinga di, har tilgang til prøvesvaret ditt.
Du får varsel første gongen eit prøvesvar er klart på Helsenorge. Etter det må du sjølv velje om du ønsker å få varsel om prøvesvar.
Du har reservert deg mot å ha ein Kjernejournal. Har du ikkje Kjernejournal, blir ikkje prøvesvaret vist. Les meir om Kjernejournal.
Du får ikkje lenger automatisk varsel når prøvesvara dine er klare. Du får berre varsel første gongen eit prøvesvar er tilgjengeleg på Helsenorge. Om du ønsker å halde fram med å få varsel når prøvesvara dine er klare, kan du velje dette i Innstillingar.
Av og til er det fleire prøver som må analyserast før ein svarrapport er klar. Det kan derfor ta tid før du får varselet.
Du får ikkje lenger automatisk varsel når prøvesvara dine er klare. Du får berre varsel første gongen eit prøvesvar er tilgjengeleg på Helsenorge.
Om du ønsker å halde fram med å få varsel når prøvesvara dine er klare, kan du velje dette i Innstillingar. Der må du huke av for varsel frå «Prøvesvar og andre helseopplysningar».
Legen kontaktar deg dersom det er behov for å gå gjennom prøvesvaret ditt.
Av og til er det fleire prøver som må analyserast før ein svarrapport er klar. Det kan derfor ta tid før du får varselet.
Om du har venta ei stund på prøvesvaret ditt kan det vere fordi den som har bestilt prøva har utsett visning av prøvesvaret slik at dei kan snakke med deg om det først. Les meir i Pasient- og brukarrettslova.
Dette gjer dei for å vere sikre på at du forstår kva prøvesvaret ditt betyr og gir deg høve til å stille spørsmål.
Du kan sjå prøvesvar for barnet ditt fram til det fyller 12 år. Etter dette får du ikkje lenger tilgang til tenesta.
Treng du informasjon om prøvesvar etter at barnet har fylt 12 år, kan du kontakte legen som behandlar barnet. Årsaka til dette er at barn får større rett til personvern frå dei er 12 år.
I tenesta Prøver og undersøkingar ser du svar på prøver og undersøkingar som er tekne etter 4. juni 2025. Når du tek fleire prøver, blir svara samla over tid slik at du får ei oversikt over alle prøvesvara dine.
Om du har ein tilsvarande historikk på nettsidene til Fürst, må du forhalde deg til denne.
Alle som er involverte i behandlinga di har tilgang til prøvesvaret ditt. Dersom du ønsker å avgrense kven som har tilgang, kan du gjere det. Les meir om rettane dine ved deling av helseopplysningar eller ring Rettleiing Helsenorge på 23 32 70 00.
Informasjonen du ser under Prøver og undersøkingar er den same som helsepersonell ser i systema sine. Den er berekna på dei som har helsefagleg bakgrunn, og kan vere vanskeleg å forstå om du ikkje sjølv er helsepersonell.
Mange prøvesvar har ei ordforklaring som blir vist når du klikkar på prøvesvaret. Denne skal hjelpe deg med å forstå prøvesvaret ditt.
Hugs at legen din kontaktar deg dersom det er behov for å snakke med deg om resultatet av prøva.
Dersom du ikkje kan eller ønsker å bruke tenesta Prøver og undersøkingar, kan du bruke eitt av desse skjemaa for å sjå prøvesvara dine.
I tenesta Prøver og undersøkingar ser du prøvesvara som helsepersonell har tilgang til via kjernejournalen din. Dette kan vere nyttig om du har ein kronisk sjukdom eller eit komplekst behandlingsforløp. Det kan òg vere viktig om du har behov for akutt hjelp, til dømes på legevakta.
Meir informasjon om lagring og tilgang til Prøvesvar
Opplysningar som blir lagra er:
datoen då du tok prøva eller blei undersøkt
kven som bestilte prøva eller undersøkinga
kor du tok prøva eller blei undersøkt
resultatet av prøva eller undersøkinga
Hos dei som har bestilt prøva eller undersøkinga. Til dømes fastlegen din.
Hos dei som tek prøva eller undersøker deg. Til dømes på sjukehuset, i samband med at du tek prøva.
Hos laboratoriet som analyserer prøva.
I kjernejournalen din.
På Helsenorge kan du sjå kven som har sett på prøvesvara dine i Logg over bruk.
Du kan også velje å sende inn skjema for å få tilsendt utskrift av kven som har sett på prøvesvara:
Helsedirektoratet er dataansvarleg for prøvesvar i kjernejournal. Det betyr at dei er ansvarlege for at behandling og lagring av opplysningane om prøvesvara dine skjer på ein forsvarleg måte. Du kan lese meir om dette hos Helsedirektoratet.
Avgrense tilgangen for helsepersonell
Prøvesvara dine er viktige for at helsepersonell får enkel og sikker tilgang til riktige opplysningar når dei gir deg helsehjelp.
Dersom du likevel ønsker å avgrense helsepersonell sin tilgang til prøvesvara dine, finst det fleire måtar å gjere dette på.
Om du har vore på eit sjukehus i Helse vest og tatt ei prøve, kan du sjå svaret på prøva under Prøvesvar frå sjukehus i Helse Vest. Desse prøvesvara blir viste som dokument og har ikkje ordforklaringar. Har du spørsmål til desse, må du kontakte dei som behandlar deg.
Du kan ikkje lenger sjå prøvesvara dine for koronavirus på Helsenorge. Har du spørsmål om ei koronaprøve du har tatt, kan du kontakte legen din.