Pakkeforløp for kreft
Om legen din mistenker at du har kreft, vil du bli henvist til pakkeforløp for kreft, som skal gi deg og dine pårørende forutsigbarhet og trygghet.
Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkluderte i Pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet skal du som pasient få avdekt dei individuelle behova dine for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.
Illustrasjon: Mostphotos / Wavebreakmedia
Føremålet med dette pakkeforløpet er å sikre tryggleik og føreseielege forhold for deg som har fått ein kreftdiagnose og at behova dine for oppfølging ut over sjølve kreftbehandlinga blir avdekte og følgde opp.
Pakkeforløpet skal også bidra til auka fokus på livskvalitet, god helse og meistring for pasientar som har fått ein kreftdiagnose. Det er livssituasjonen din, og kva som er viktig for deg, som skal avklarast og følgjast opp.
Dersom du har fått ein kreftdiagnose, bør du få tilbod om ein samtale for å kartleggje behova dine. Dette gjeld både når du er til behandling i spesialisthelsetenesta og når du blir følgd opp av den kommunale helse- og omsorgstenesta.
Pakkeforløpet skal takast i bruk av helsetenesta i løpet av 2022.
Pakkeforløp heim består av tre samhandlingspunkt. Samhandlingspunkta seier noko om kva for eit tidsrom det bør gjennomførast samtalar med deg som pasient, eventuelt saman med pårørande.
Samhandlingspunkt:
Behovskartlegginga skal bidra til at livssituasjonen din og ulike behov for oppfølging blir avdekt. Behovskartlegginga består av samtalar der situasjonen din og behov for oppfølging som går utover sjølve kreftbehandlinga, er tema. Tema for samtalen vil avhenge av behova dine, og kva som er viktig for deg i din livssituasjon. Samtalen blir gjennomført av lege, sjukepleiar, eller anna helsepersonell.
Siste samhandlingspunkt i pakkeforløp heim er 12–18 månader etter at du har fått ein kreftdiagnose. Samtalar og vidare oppfølging i helsetenesta eller andre kommunale tenester, held fram også etter dette dersom du som pasient har behov for det.
For at du som pasient skal oppleve eit velorganisert, heilskapleg og føreseieleg pasientforløp basert på individuelle behov, er god kommunikasjon og samarbeid mellom sjukehus og kommunehelsetenesta avgjerande.
Relevant og nødvendig informasjon om behovskartlegginga og resultatet av denne, vil bli dokumentert i journalen din. Dersom det blir avdekt behov for vidare oppfølging, vil nødvendig informasjon bli formidla til helsepersonell som treng opplysningane for å kunne gje oppfølginga. Dette skjer med mindre du motset deg dette.
Dersom du samtykkjer til det, kan opplysningane også formidlast til NAV eller andre aktørar som treng opplysningane for å gje deg hjelp og oppfølging.
Alle pasientar som blir tilviste med mistanke om kreft, blir inkluderte i eitt av dei diagnosespesifikke pakkeforløpa for kreft. (Eit døme er at pasientar med brystkreft blir inkluderte i Pakkeforløp for brystkreft). Når Pakkeforløp heim blir teke i bruk i helsetenesta i løpet av 2022, vil alle pasientar som får ein kreftdiagnose, òg inkluderast i Pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Dette kjem i tillegg til dei diagnosespesifikke pakkeforløpa (Helsedirektoratet).
Pasientar som av ulike grunner ikkje er i eit diagnosespesifikt pakkeforløp, vil også inkluderast i Pakkeforløp heim for pasientar med kreft.
Pakkeforløpa for kreft skal oppdaterast i 2022 med omtale av Pakkeforløp heim.
Om legen din mistenker at du har kreft, vil du bli henvist til pakkeforløp for kreft, som skal gi deg og dine pårørende forutsigbarhet og trygghet.
Det er utarbeidd diagnosespesifikke pakkeforløp for 26 ulike krefttypar. I lista under finn du lenkjer til Helsedirektoratet sin informasjon om pakkeforløpa.
Hverdager kl. 09:00 - 15:30
På KreftTegn finner du en rekke filmer med informasjon om kreft rettet mot døve.
Kreftlex illustrerer organer, kroppsfunksjoner og sykdomsutvikling ved hjelp av 3D-graf, foto, tegninger og video.
Mange sykdommer kan forebygges og behandles med fysisk aktivitet. Ofte kan fysisk aktivitet erstatte legemidler eller redusere behovet.