Sex i alderdommen

​Seksuell helse er eit viktig aspekt ved helsa og velvære gjennom heile livet. Mange eldre menneske har eit aktivt sexliv. Samtidig er det mange eldre som opplever seksuelle problem utan å søkje hjelp frå helsepersonell. Her kan du lese om vanlege utfordringar knytte til seksuallivet i alderdomen, kva du kan gjere og kvar du kan få hjelp.

Det er mange helsefordelar med å halde ved lag eit aktivt sexliv i alderdomen. Sex frigjer signalstoff i hjernen som blant anna påverkar humøret positivt og styrkjer forholdet til partnaren. Det kan også vere bra for hjartet, senkar blodtrykket og stressnivået, og styrkjer immunforsvaret ditt. Mange av helsefordelane vil ein også kunne oppnå ved annan fysisk nærleik og intimitet, til dømes ved å halde hender, gje lange klemmar eller å liggje naken saman.

Sex i alderdomen kan vere like rikt og mangfaldig som då du var yngre, og det er vanleg at den seksualiteten dreier seg noko meir i retning av aktivitetar som ikkje nødvendigvis endar med samleie. Heteroseksuelle par har ofte eit meir avslappa forhold til sex etter overgangsalderen fordi dei ikkje lenger treng å bekymre seg for graviditet og prevensjon.

Mange opplever likevel problem med redusert lyst, tørr skjede eller ereksjonsproblem etter overgangsalderen. For å halde ved lag eit aktivt seksualliv kan det derfor vere nødvendig å gjere nokre tilpassingar eller søkje helsehjelp for å handtere seksuelle problem knytte til naturlege aldersrelaterte endringar i kroppen.

Det finst truleg få menneske som går gjennom livet utan å oppleve større eller mindre utfordringar knytte til seksualitet. Å snakke med partnar, vener eller helsepersonell kan bidra til å løyse seksuelle utfordringar før dei blir eit stort problem, og førebu seg på endringar som kjem med alderen.

Sexlyst

Det går eit viktig skilje mellom sexlyst og respons (tenning) frå kjønnsorgana i form av ereksjon eller fuktig skjede. Sexlyst og genital respons heng ofte saman, men ikkje alltid. Du kan ha lyst på sex utan at kjønnsorganet reagerer. Du kan også ha genital respons utan å ha lyst på sex.

Seksuell lyst varierer gjennom livet og med livssituasjonen. Nedsett seksuell lyst inneber å mangle seksuelle tankar eller ønske om å ha sex. Nedsett lyst kan vere generell. Då manglar du lyst på sex uavhengig av situasjon og partnar. Når nedsett lyst er spesifikk, har du seksuelle tankar og ønske, men manglar anten lyst på sex med partnaren din, eller i konkrete situasjonar.

Nedsett lyst kan skrive seg frå mange årsaker knytte til alderdomen:

  • Fallande nivå av kjønnshormona testosteron og østrogen
  • Aldersrelaterte helseproblem
  • Biverknader av medisinar
  • Relasjonelle forhold

Aldersrelaterte helseproblem som særleg kan påverke seksuell lyst negativt er forskjellige smertetilstandar i ledd og vev, som også reduserer rørsleevne.

Når ein av partane i eit forhold opplever nedsett seksuell lyst, kan partnar føle seg skuffa og avvist. Snakk ope med kvarandre, og forsøk å finne svar på kvifor nedsett lyst blir eit problem i forholdet dykkar. Dette kan bidra til at de blir tryggare på kvarandre.

Å ta seg tid til kvarandre, snakke saman og vere intim og nær kvarandre utan å ha sex kan forbetre nedsett sexlyst. Å ha sex når du ikke har lyst, kan føre til at problemet forsterkar seg. Du skal ikkje la deg presse, eller presse deg sjølv til å ha sex utan at du sjølv ønskjer det. Du skal heller ikkje mase deg til sex dersom partnar ikkje har lyst. Undersøk heller kva slags seksuell aktivitet de begge kan ha lyst på.

Kvar kan eg få hjelp?

Dersom lystproblema skriv seg frå biverknader av medisinar, kan du be behandlande lege finne ei alternativ behandling som ikkje påverkar sexlysta like sterkt. Det å ta kjønnshormon som medisin kan lindre symptom som følgje av fallande hormonnivå. Snakk med fastlegen din om hormonerstatnings-behandling er ei eigna behandling for deg.

Dersom lystproblema kjem av smerter eller problem med rørsleevne, be om hjelp til smertehandtering, anten ved bruk av medisinar, ergonomisk tilrettelegging eller fysioterapi.

Opplever du eller partnaren framleis nedsett lyst, kan ein NACS-autorisert sexologisk rådgjevar eller terapi vere nyttig. På Finn en sexolog, som er ei søkjeteneste utvikla av Norsk forening for klinisk sexologi (NFKS), får du oversikt over fagpersonar som er sertifiserte til å jobbe innanfor fagfeltet sexologi.

Seksuell funksjon

Som med andre kroppslege funksjonar blir funksjonen til kjønnsorgana svekt med alderen. Ereksjonsproblem og tørr skjede er eit problem mange opplever. For mange eldre medfører desse endringane at det blir vanskeleg eller ubehageleg å gjennomføre eit samleie.

Det er mange måtar å gle seg over sex på sjølv om den seksuelle funksjonen ikkje fungerer som tidlegare. Utforsk alle kjensler av opphissing, intimitet og nærleik med partnaren din, ikkje berre samleie og orgasmen, og ta dykk tid til å stimulere sanseopplevingar, fantasien og sensualiteten.

Dersom samleie er viktig i samlivet ditt, er det ein bra ting å ta dykk ekstra tid til forspel. Begge partar kan ha behov for meir stimulering enn tidlegare for å bli tilstrekkeleg opphissa og klare for samleie. Du kan også oppsøkje hjelp frå helsevesenet for å finne ei løysing på årsaka til at samleie er vanskeleg eller ubehageleg å gjennomføre.

Som med sexlyst, kan endringar i funksjonen til kjønnsorgana kome av fallande nivå av kjønnshormon, aldersrelaterte helseproblem og biverknader av medisinar. Snakk med legen din dersom du opplever ereksjonsproblem eller tørr skjede.

Ereksjonsproblemer

Dei fleste personar med penis opplever ereksjonsproblem på eit tidspunkt i livet. Ereksjonsproblem er definert som manglande evne til å få eller oppretthalde ein ereksjon som er hard nok til å gjennomføre eit samleie. Årsakene kan vere fysiske eller psykologiske.

Oppsøk fastlegen din dersom ereksjonsproblemet varer i meir enn nokre få veker. Det kan vere eit tidleg teikn på ein meir alvorleg helsetilstand, til dømes hjarte- og karsjukdom eller diabetes.

I Noreg sel ein tablettar som hjelper med ereksjonsproblem reseptfritt på apotek. Du må svare på nokre spørsmål om helsa di for å sikre at medisinen er eigna for deg. Du bør ta ein helsesjekk hos fastlegen din innan 6 månader dersom du byrjar med eit slikt legemiddel utan å snakke med fastlegen først. Unngå å kjøpe medisinar frå utlandet over internett. Kvaliteten på desse medisinane er mindre sikker enn dei du får kjøpt på apoteket i Noreg.

Problem med ereksjonen kan også ha samanheng med livsstil og levevanar. Ereksjonsevna kan bli betre ved å gjere små endringar i livsstilen din. Å slutte å røykje, å gå ned i vekt og å trene oftare kan hjelpe ved å forbetre blodstraumen til penis. Du kan få hjelp til å endre livsstil ved Frisklivssentralen i kommunen din.

Dersom livsstilsendringar eller medisinar ikkje fungerer eller ikkje eignar seg for deg, kan vakuumpumper eller penisinjeksjonar vere aktuelle behandlingsformer. Snakk med fastlegen din om ulike behandlingsformer. Du/de kan også prøve sexologisk rådgjeving eller terapi. På Finn en sexolog får du oversikt over fagpersonar som er sertifiserte til å jobbe innanfor fagfeltet sexologi.

Nedsett følsemd i penis

Mangel på følsemd i penis er ein normal del av aldring. Det kan gjere det vanskelegare for nokre å få ereksjon og å nå orgasme. Kontakt fastlegen din dersom du har redusert følsemd, då dette nokre gonger kan kome av ein annan helsetilstand.

Tørr skjede

Tørr skjede er eit vanleg problem som mange opplever på eit tidspunkt i livet. Nokre opplever tørr skjede som kan gjere samleie smertefullt og ubehageleg i samband med overgangsalderen.

Tørr skjede etter overgangsalderen kan kome av endringar i hormonnivået. Slimhinna i skjeden blir då tynnare og tørrare. Personar som får fjerna eggstokkane, kan også oppleve slike endringar.

Symptom på tørr skjede kan vere at du

  • føler deg sår eller klør i og rundt skjeden
  • føler smerter eller ubehag under sex
  • treng å tisse oftare enn vanleg
  • får hyppige urinvegsinfeksjonar

Desse plagene kan føre til nedsett sexlyst. Dersom du får tørr skjede på grunn av endringar i hormonnivået, kan du få føreskrive kremar, gelar, vagitoriar (stikkpiller for bruk i skjeden) eller tablettar for å auke østrogennivået. Les meir om østrogenbehandling her.

Andre tips for å lindre tørr skjede inkluderer å

  • bruke vaginal fuktigheitskrem for å halde skjeden fuktig
  • forlenge forspelet slik at du blir meir opphissa før samleiet
  • bruke vassbasert glidemiddel i og rundt skjeden din eller eventuelt på partnaren sin penis under samleie
  • unngå å vaske kjønnslepper og området rundt med parfymert såpe
  • unngå kremar som ikkje er eigna for bruk i skjeden, som vaselin og vanleg fuktigheitskrem

Snakk med fastlegen din dersom symptoma varer ved.

Nye forhold

Å starte eit nytt forhold i alderdomen kan vere spennande og utfordrande på same tid. Forelskingar i denne aldersperioden kan vekkje like sterke romantiske og seksuelle kjensler som tidlegare i livet. Samtidig kan nokon som har mista ein partnar kjenne på skuld når dei innleier eit nytt forhold med seksualitet og intimitet. Mange kan kjenne seg usikre på eigen attraktivitet eller evne som seksuelt vesen når dei møter ein ny partnar. Kjenner du deg att i dette, kan det vere nyttig å minne seg på at den andre personen sannsynlegvis kjenner det same. Ver open om kjenslene dine, det kan også gjere det enklare for partnaren din å vere open om kjenslene sine.

Dersom du er i eit nytt forhold, er det nyttig å avklare kva forventingar og ønske de har. Ting å diskutere kan vere:

  • om de begge ønskjer å ha eit seksuelt forhold
  • om kondombruk og test for seksuelt overførbare infeksjonar er nødvendig
  • om de ønskjer eit monogamt forhold eller ønskjer å ha sex med andre partnarar samtidig
  • kva de liker og ikkje liker seksuelt
  • om de har helseutfordringar som påverkar evna og lysta til å ha sex
  • om de har smerte, fysiske vanskar eller ubehag knytt til å ha sex

Seksuelt overførbare infeksjoner (soi)

Det er framleis lite soi blant eldre innbyggjarar i Noreg. Alder beskyttar derimot ikkje mot smitte, og internasjonalt aukar smitte av soi blant eldre. Kondomar er den einaste forma for prevensjon som beskyttar deg og partnaren din mot soi.

Du bør bruke kondom dersom du har sex i utlandet eller med personar som kjem frå land der det er høg førekomst av smitte. Kjøper du seksuelle tenester eller er du ein mann som har sex med andre menn, bør du alltid bruke kondom med tilfeldig partnar. Har du sex med ny partnar eller fleire partnarar samtidig, bør du også vurdere å bruke kondom. Ta med kondom når du går på date. Då er du førebudd dersom de vel å ha samleie.

Snakk med fastlegen din eller oppsøk ein klinikk for seksuell helse dersom du ønskjer å teste deg for soi. Hugs at soi ikkje alltid gjev symptom. Les meir om ulike soi her.

Kvar kan eg få hjelp til å handtere seksuelle problem?

Her kan du få hjelp med problem knytte til sex og forhold når du blir eldre:

Content provided by The Norwegian Directorate of Health

The Norwegian Directorate of Health. Sex i alderdommen. [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Thursday, April 29, 2021 [retrieved Thursday, April 18, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/sex-og-samliv/sex-i-alderdommen/

Last updated Thursday, April 29, 2021