Skokrem er som regel lite farleg ved små inntak

Skokrem er lite giftig. Skokrem inneheld oftast petroleumsdestillat, men er som regel lite farleg ved inntak på grunn av fast konsistens. Risikoen for at skokrem med fast konsistens kjem over i luftvegane er liten.

Svart skopar på golvet, med ein boks skokrem framføre seg

Skokrem er lite farlig å smake på, men kan gi forbigåande symptom frå magen som kvalme, oppkast og diaré.

​Symptom ved uhell med skokrem

​Skokrem kan verke irriter​​​ande på slimhinner og auge, og kan føre til kvalme, oppkast og diaré ved inntak.

Førsteh​jelp ved uhell med skokrem

Inntak​​

  • Gi drikke
  • Kontakt Giftinformasjonen dersom produktet ikkje har fast konsistens

Auge

  • Skyl med lunka, rennande vatn, med mjuk stråle til skokremen er skyldt vekk
  • Kontakt lege dersom symptoma varer ved

Hud​​

  • Skyl og v​ask

For meir informasjon om flytande skokrem, sjå oljebaserte produkt.

Giftinformasjonen er tilgjengelig ved behov

22 59 13 00

Døgnåpen telefon

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Sist oppdatert torsdag 15. april 2021