Kvalme og oppkast i graviditeten

Kvalme i svangerskapet er ganske vanleg, men er sjeldan farleg for deg eller barnet.

Det er vanlig å bli kvalm når du er gravid

Kvalme i graviditeten er for mange verst tidleg på dagen og blir derfor kalla morgonkvalme. Hos enkelte kan kvalmen vere der til alle tider av døgnet. Den nøyaktige årsaka til svangerskapskvalme er ikkje kartlagd, men ho har vore knytt til ein auke i svangerskapshormonet hCG.

Kvalmen startar gjerne frå veke 6 og varer til veke 12–13. Nokre få kvinner er framleis kvalme etter 20 vekers graviditet. Kvalmen er sjeldan farleg for deg eller barnet. Sjølv om du kastar opp to eller tre gonger dagleg, beheld du vanlegvis noko mat i kroppen.

Dersom du ikkje greier å få i deg noko mat eller drikke over meir enn eitt døgn og føler deg svimmel og slapp, bør du kontakte lege. Enkelte gonger kan det bli aktuelt å leggje deg inn på sjukehus, slik at du kan få væske tilført intravenøst.

Les meir om alvorleg svangerskapskvalme her.

Tips til kva du kan prøve dersom du er kvalm

  • Et lite og ofte, for eksempel annankvar time.
  • Et tørre kjeks eller rista brød.
  • Et litt med ein gong du vaknar, og bruk god tid på å stå opp frå senga.
  • Unngå mektig og sterkt krydra mat.
  • Drikk rikeleg med væske, men unngå kaffi.
  • Sett deg ned etter at du har ete.
  • Rør deg sakte og unngå brå rørsler.
  • Rør litt på deg kvar dag og få litt mosjon og frisk luft.

Behandling av svangerskapskvalme

Det finst ikkje mykje forsking på kva som kan hjelpe mot kvalme, men desse tiltaka har vist seg å ha dokumentert effekt.

Akupres​sur

Akupressur-armband som blir brukt over eit spesielt punkt på handleddet, kalla P6, kan kjøpast på apotek. Det er ufarleg å bruke det, men det er usikkert om det har nokon effekt.

Akupunktur

Enkelte gravide opplever at akupunktur hjelper mot svangerskapskvalme.

Tilskot a​v vitamin B6

Tilskot av vitamin B6 finst vanlegvis i multivitaminprodukt for kvinner, men dosane er gjerne for låge. Det manglar forsking på om høge dosar kan vere skadeleg for fosteret. Du bør alltid forhøyre deg med legen din om bruk av legemiddel.

Dersom brekningane og kvalmen blir så omfattande at du verken får i deg mat eller drikke, kan det vere du treng medikamentell behandling. Dette vurderer legen din.