Sølvpuss/messingpuss

Pussemiddel inneheld ulike verkestoff og gir ulike symptom avhengig av innhaldsstoffa. Ved uhell kontakt Giftinformasjonen (22 59 13 00) for råd og vurderingar om det enkelte produktet.

Forskjellig bestikk som pusses med sølvpuss og tørkes på håndkle

Sølvpuss kan vere giftig og behandling kan bli aktuelt. Kontakt Giftinformasjonen (22 59 13 00) for råd om vidare behandling for kvart einskild produkt.

Pussemidla kan innehalde mellom anna ammoniakk, petroleumsdestillat, etanol eller oksalsyre. Løysemidla ein nyttar i produkta, kan òg bidra til forgifting.

Pussemiddel i auget eller i munnen kan vere farleg, og symptoma kjem an på kva for stoff som inngår i produktet.

Behandling etter uhell med pussemiddel

Ved svelging​​

  • Gi litt drikke
  • Kontakt Giftinformasjonen (22 59 13 00) for råd om vidare behandling

​​Ved søl i auga​​​

  • Skyl godt med rennande lunka vatn og mjuk stråle
  • Lang skyljetid kan vere aktuelt. Kontakt Giftinformasjonen (22 59 13 00) for råd om vidare behandling 
  • Kontakt lege dersom symptoma varer ved

Ved søl på huda​

Skyl og vask huda godt.

Kontakt Giftinformasjonen hvis uhellet er ute

22 59 13 00

Døgnåpen telefon.

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Sist oppdatert torsdag 15. april 2021