Rynker – førebygging og behandling

Rynker treng i utgangspunktet ikkje behandling, men mange ønskjer likevel å hindre rynkedanning og skjule rynker som dei opplever som skjemmande.

Kva er rynker?

Rynker er små fordjupingar i huda og ein heilt naturleg del av aldringsprosessen. Med åra blir huda tynnare, skjørare og mindre elastisk. Rynker er ofte mest synlege i ansiktet, spesielt i panna, mellom auga og rundt munnen. Dei er òg vanlege på halsen og hendene.

Rynker er meir vanleg hos røykjarar enn ikkje-røykarar fordi giftstoff i røyken hindrar huda i å lage kollagen. Overdriven soling skadar proteina kollagen og elastin i huda. Desse proteina held huda glatt, fast og elastisk.

Arvelege faktorar og hudtype spelar òg inn, og dei med lys hud er meir utsette for rynkedanning enn dei med mørkare hud.

Førebygging

Det viktigaste du kan gjere for huda, er å slutte å røykje. Be gjerne legen din om råd dersom du har problem med å slutte. Sollys og det å bli solbrend gjer òg at huda eldast raskare. Bruk derfor høg solfaktor når du oppheld deg i sola. Bruk gjerne ein hatt i tillegg for å beskytte ansiktshuda.

Behandling

Det finst mange aktørar på marknaden som tilbyr behandling mot rynker. Gjer derfor ein grundig sjekk av klinikken du vel, og bakgrunnen til legen eller personellet du får behandling hos.

Behandling mot rynker kan gi biverknader. Dei fleste er forbigåande, men enkelte behandlingar kan i verste fall gi irreversible skadar i huda, som pigmentendringar og arr. Naturleg ansiktsmimikk kan bli nedsett med enkelte behandlingar, og overgangen frå behandla hud til ubehandla hud kan bli påfallande.

Behandling av små rynker

Mot fine, små rynker kan du bruke ein krem, som oftast ein krem med A-vitaminsyre (retinoid). Enkelte gonger er det tilrådd med kjemisk peeling.

Krem med A-vitaminsyre

Det finst forsking som viser at krem og gel med A-vitaminsyre kan redusere og behandle fine rynker. A-vitaminsyre stimulerer nydanning og reparasjon av det øvste hudlaget. Eit slikt produkt er tretinoin, og dette får ein berre på resept. Det blir vanlegvis brukt mot alvorlege kviser og er berre godkjent mot rynker ved solskadd hud. Enkelte hudpleieprodukt inneheld vitamin A, også kalla retinol. Dette er eit liknande, men mindre verknadsfullt stoff.

Alle retinoid kan gjere huda raud og føre til flassing i eit par veker. I tillegg er du meir utsett for å bli solbrend. Ved bruk av retinoid må du derfor unngå sollys og bruke solkrem.

Dersom du er gravid, kan retinoid skade fosteret. Unngå derfor å bruke denne typen legemiddel når du er gravid eller prøver å bli det.

Antioksidantar

Kremar med vitamin C og E og grøn te blir selde i mange butikkar med løfte om verknad mot rynker. Det er likevel inga god forsking som kan dokumentere at desse kremane verkar.

Kjemisk peeling

Overflatisk kjemisk peeling brukar syrebehandling til å fjerne det øvste hudlaget, slik at ny hud veks fram. Denne behandlinga liknar mekanisk peeling, der det øvste hudlaget blir skrubba vekk.

Enkelte kan seinare bli plaga med sensitiv, tørr hud.

Injeksjonar med botulinumtoksin (botoxbehandling)

Botulinumtoksin lammar musklane rundt rynkene, slik at huda blir mindre rynkete. Effekten varar omtrent eit halvt år.

Lammingane kan ta bort ein del av mimikken i ansiktet, for eksempel når du smilar, rynkar panna eller ler. Enkelte tykkjer det er ubehageleg med alle stikka ved behandlinga.

Behandling av djupare rynker

Kjemisk peeling

Ved djupare rynker kan du bruke sterkare syrebehandling. Biverknadsfaren aukar, og enkelte blir plaga med forkjølingssår, forbigåande pigmentforandringar og arrdanning.

Fillers

Fillers er ei mengde ulike produkt som kan injiserast i huda for å glatte ut rynker. Både hyaluronsyre, kollagen og ditt eige feittvev kan brukast. Kvart enkelt produkt har fordelar og ulemper.

Behandling av svært djupe rynker

Dette er meir krevjande. Mange behandlingar inneber bruk av lokalbedøving, og det vil ofte ta fleire dagar eller veker før huda er tilheila. Biverknadsfaren aukar, så du bør tenkje deg godt om før du vel denne typen behandling.

Dermabrasjon

Dermabrasjon er ein metode som fysisk slipar ned fleire hudlag. Det tar vanlegvis sju til ti dagar før huda er tilheila. Behandlinga skjer under bedøving. Dersom du er uheldig, kan du få arr eller hudinfeksjon.

Fraksjonert fototermolyse

Denne behandlingsforma er ei relativt ny laserbehandling som tar sikte på å behandle berre skadd hud. Det er mogleg ho gir mindre risiko for biverknader.

Laserpeeling

Denne behandlinga fjernar fleire hudlag, og det tar tid før huda blir tilheila.

Transplantasjon av eige feittvev

Denne behandlinga inneber å fjerne feittvev frå ein del av kroppen og sprøyte noko av det inn igjen i område med rynker som ein filler. Det er ofte eldre som blir tilrådd denne behandlingsforma.

Ansiktsløft

Etter kvart som vi blir eldre, blir huda umerkeleg trekt nedover. Dette ser ein mest ved augebryn og øvre augelokk. Ein prøver å rynke pannehuda for å heve denne og kompensere for aldringseffekten. Dette kan opplevast som slitsamt, men ved eit kirurgisk inngrep (facelift) kan ein fjerne overskytande hud ved hårfestet. Huda vil då stramme seg, og rynkene blir glatta ut. Effekten varar vanlegvis lenge.

Ingen operasjonar er utan risiko, og det vil alltid vere ein viss infeksjonsfare i samband med ein operasjon. Enkelte kan få arr, hårtap og nerveskade.

Innhaldet er levert av Helsebiblioteket/BMJ

Sist oppdatert måndag 13. februar 2023